Klær i barnehagen

For at borna skal trives og ha det godt i barnehagen er det lurt å ha utstyr i orden. Her er nokon tips om kva borna bør ha med i barnehagen:

Skiftetøy

Barnet bør ha to heile skift i barnehagen til ei kvar tid, dei kan liggje i korga til barnet. Det er viktig at de følgjer med på kva som er i korga.

Uteklær

Det bør alltid henge eitt sett regntøy og ein dress i barnehagen. Pass på at strikken under er i orden. Ta med regnklærne evt dress heim kvar fredag til vask evt. reparasjon. Me vasker ekstra i garderoben i helga. Sjå til at det er ryddig på plassen til barnet når de går kvar dag. 

Sko

Innesko

Innesko er viktig , det er lett for at borna kan bli våte viss det er sølt noko på golvet om dei ikkje har innesko. 

Utesko

Borna treng støvler i barnehagen og vintersko når vinteren kjem.

Det er viktig å ha sokker som er varme i støvlene slik at borna ikke frys. Om vinteren kan ein ha støvler med fòr i. 

Merking av tøy

Alt tøy skal vere merket.

Husk også undertøy, støvler, vottar, sokker

Kvar fredag kan du sjekke om barnet ditt har gløymt noko klede! Sjå rundt i garderoben om gløymt tøy ligg framme på benk eller heng på stativet i gangen.