Måltid

Måltidet er ein viktig trivsel- og læringsarena for borna. Me ynskjer difor å leggje stor vekt på fellesskapet rundt måltida. Alle måltid har difor felles start og avslutning. Me har tre måltid i løpet av dagen.

Frukost:

Borna har med seg si eiga niste til frukosten. Dei får melk i barnehagen.

 

Lunsj:

Kvar dag har me smøremåltid til lunsj. Borna får velgje sin eigen mat og øve seg i å smøre på. Ein dag i veka har me varmrett. Menyen varierar frå veke til veke. Ein annan dag i veka har me kun fiskepålegg til smørelunsjen.

 

Frukt:

På slutten av dagen treng borna litt ekstra mat i magen. Me serverer oppskjært frukt ca 14.30 kvar dag. Me varierer i frukttyper då me syns det er viktig at borna får smake litt forskjellige frukter. 
I tillegg kan borna gjerne ha med litt ekstra mat i frokostmatboksen som dei kan ete til fruktmåltidet hvis dei ynskjer det.