Munch

Munch er avdelinga for dei yngste i barnehagen. Her starter det 12 nye born kvart år. På Munch er me ekstra opptekne av å gje borna ein god start på barnehagelivet. Tryggleik og nærleik er viktig hjå oss. Me har fokus på å skapa ein trygg kvardag for borna, der dei får utforska, oppleva og læra nye ting saman med støttande, omsorgsfulle, trygge voksne. På Munch legg me vekt på eit godt og tett foreldresamarbeid for at borna skal ha det best mogeleg hjå oss.

  På Munch har vi:

  - korte samlingstunder kvar dag med kjende barnesongar, eventyr og forteljingar.

  - kristensamling ein gang i veka med enkle bibelforteljingar og songar

  - uteleik på leikeplassen vår om formiddagen.

  - turdag ein gong i veka i nærområdet.

  - varmlunsj ein dag i veka med variert meny.

  - tilretttelagt innemiljø som passar for born som vil bruke heile seg i leiken 

  Janne Sissel Bakkelid og Janne Glomnes er pedagogiske leiarar på Munch.
  Mai Helen Rasmussen er barne og ungdomsarbeider og Gudveig Bjotveit Steinhovden er pedagogisk
  medarbeider. Laura Osland Øvretveit er lærling.