Fridagar og sjukdom

Barnehagen har stengt på offentlige høgtidsdagar og julaften. Me held åpent i romjula, haustferien og vinterferien. I løpet av året har personalet 5 planleggingsdagar til planlegging og faglig utvikling. Desse dagane held me stengt. Sjå barnehageruta (på startsida) for meir informasjon.

Fridagar

Gje beskjed før kl 09.30 når borna skal ha fri.
Alle born må ha fri 4 veker i løpet av barnehageåret, 3 skal vere samanhengande i skulen sin ferie.

 

Sjukdom

Gje beskjed før kl. 9.30 viss bornet er sjukt.

Born som er i barnehagen må alltid vere friske nok til å vere ute.