Oppstart og tilvenning

Me ynskjer at å gje kvart enkelt barn og foreldra deira ein best mogeleg oppstart hjå oss.

Før oppstart vil barnet få eit brev frå avdelinga si med informasjon om oppstart og tidspunkt for første barnehagedag. Det vil også stå navn på personalet, kven som er primærkontakt for barnet, kva barnet treng i barnehagen og om dei første tilvenningsdagane. 

 

TILVENNINGEN

Me har i utgangspunktet satt av 3 dagar til tilvenning. I brevet de får vil det stå litt om korleis desse dagane er tenkt lagt opp. De avtaler undervegs med primærkontaten korleis tilvenningen skal gå vidare. Nokon treng lenger tid enn oppsatt og nokon treng kortare tid. Viss de får det til er det godt for barnet å få korte dager i barnehagen i starten. Det treng  erfaringar med at foreldra går og kjem tilbake. Det er viktig for oss i barnehagen at borna får ein så god oppstart som mogeleg. Difor er det viktig med eit godt samarbeid mellom oss og de som foreldre.