Picasso

Me ser at mange av borna er svært kreative og likar å uttykje seg gjennom kunst. På Picasso har me ekstra fokus på fagområdet "Kunst, kultur og kreativitet". Her får borna verte kjende med ulike måtar å uttrykje seg på gjennom forming, musikk, drama og litteratur. Me er opptekne av å følgje bornas interesser og innspel, og leggje dagen opp etter dette.

Kunstgrruppa vil holde på med forskjellige aktiviteter rundt temaet kunst, kultur og kreativitet.

Me vil til dømes: 

  • jobbe med leire
  • jobbe med fargar og fargeblandingar
  • lage kunst ute i naturen av materialer me finn her
  • lage kullstift på tur, og teikne kullbilde
  • musikkaktivitetar som til dømes song, rytmeleik, bevegelse/dans 
  • sette opp dramaforestilling
  • la borna medvirke i kvardagen sin

Me vil også gå på en del turar både i nærmiljøet (naturen) og på evt. kunstmuseum, konsertar eller teater. Naturen vil bli brukt aktivt både som arbeidsplass, materiale-og utstillingsplass. 

På Picasso går det 12 born kvar dag.

Eirin Monstad Windt og Vegard Olsen er pedagogiske leiarar på avdelinga. Ellinor Lilleskare er barne- og ungdomsarbeidar, Anette Treland Berge og Veronika Husebø er pedagogisk medarbeidar.